top of page
Nyhende frå Sund sogelag
Søk

JULEKONSERT I SKULESTOVA PÅ BERGE 2022


1. desember inviterte Venelaget for Skulestova på Berge og Sund sogelag til konsert

i skulestova på Berge.



Artistane var: Vivian Steinsland, Anabelle Steinsland Whitfield, Hanne Katrine Boga

og Victoria Boga Møgster.




“Det hev ei rose sprunge” - vakker song av Vivian som og spela til på det gamle

orgelet i Skulestova - innleia konserten.


I si velkomsthelsing uttrykte Ivar Steinsland von om at julekonserten kunne verta ein

årleg tradisjon.



Konserten heldt fram med kjende og litt mindre kjende, gamle og nye julesongar.

Alle artistane medverka på “Det lyser i stille grender”. To songar av Trygve Hoff var

med i programmet. “Nordnorsk julesalme” vart framført på lokal dialekt. Songen tapte

seg ikkje av den grunn.


Vinnarsongane frå Øygarden kommune sin julesongkonkurranse for eit par år sidan

fekk me og høyra. “Juletida” av Johanne Madsi Kleppevik Bakke - og “Øyfolkets jul”

av Trond Ågotnes (tekst) og Hermund Rebnor (melodi) - først framført av Linda

Ekeland, er vakre songar.



Vivian avslutta konserten med sin kraftfulle versjon av “O helga natt”.

Artistane fekk ståande applaus frå publikum som hadde fylt alle plassane i

skulestova. Så stemde alle i på songen “Deilig er jorden”.
















Venelaget for Skulestova på Berge inviterte på julegløgg med noko attåt i

naborommet til Skulestova etter konserten.

Venelaget hadde elles pynta og lyssett både ute og inne - slik at det gamle

skulehuset utgjorde ei stemningsfull ramme for konsertane.






Sund sogelag takkar artistane for vakker song og musikk. Me vil og takka Venelaget

for deira innsats for å skapa ei stemningsfull ramme rundt konsertane.

Me takkar Venelaget og Folkeakademiet for eit greit samarbeid om arrangementet.


 
 
 

Comments


bottom of page