Nyhende frå Sund sogelag

JULEKONSERTAR I SKULESTOVA PÅ BERGE 7. og 9.12.21

VAKKERT OG STEMNINGSFULLT


Artistane var: Marlen Kleppevik, Vivian Steinsland, Johanna Madsi Kleppevik Bakke, Anabelle Steinsland Whitfield og Victoria Boga Møgster


Frå venstre Marlen, Victoria, Anabelle og Vivian.


“Det hev ei rose sprunge” - vakker song av Vivian som og spela til på det gamle skuleorgelet i Skulestova - innleia konserten.


Så fylgde kjende og litt mindre kjende, gamle og nye julesongar - fint introdusert av Vivian - som og spela gitar til songane.


Dei unge talenta Johanna, Victoria og Anabelle fekk mykje applaus frå tilhøyrarane for gode songprestasjonar - kvar for seg og i lag.


Frå venstre Johanna Madsi, Victoria, Anabelle og Vivian.


Marlen framførte sin versjon av “Det lyser i stille grender” - ein song ho knytte eigne minner til.


Vivian avslutta konserten med sin kraftfulle versjon av “O helga natt”.


Utøvarane fekk samla ståande applaus frå eit fulltallig publikum. Omtala av konserten frå dei som hadde vore tilhøyrarar var svært positiv.


Leiar i Sund sogelag ynskjer velkommen, tysdag 7. desember 2021.


Venelaget for Skulestova på Berge inviterte på julegløgg med noko attåt i naborommet til Skulestova etter konserten. Dugnadsgjengen hadde stått på no i adventstida slik at rommet stod fram som nyoppussa til dette arrangementet.


Etter konserten bydda venelaget på gløgg og knask i den andre stova.



Venelaget hadde elles pynta og lyssett både ute og inne - slik at det gamle skulehuset utgjorde ei stemningsfull ramme for konsertane. Litt snø ute var og med

på å understreka at jula nærma seg.



Skulestova på Berge.


Sund sogelag takkar artistane for vakker song og musikk. Me vil og takka Venelaget for deira innsats for å skapa ei stemningsfull ramme rundt konsertane.


Alle fotografier er tekne og lånt ut av Ingrid og Karen Boga


Me takkar Venelaget og Folkeakademiet for eit greit samarbeid om arrangementet.