
For fleire år sidan hadde sogelaget avtale med eigar av kvedna i Hummelsund om eit større restaureringsprosjekt. Av fleire grunnar vart dette prosjektet ikkje gjennomført.
I sommar vart det teke ny kontakt med eigar for å sikra naudsynt vedlikehald av bygget. Eigar er positiv til eit engasjement frå sogelaget si side.
I samband med styremøte 18. august var styret på synfaring til kvedna. Me hadde fått låna lykelen til kvednhusdøra. Kvedna ligg fint til ved innmarka i Nordatre.
Innvendig er sikkert kverna omlag som då sist ho var i drift før krigen. Utvendig er det trong for vedlikehald. Bygget vart sist rehabilitert kring 1970. Drivverket har rotna vekk. Det same har trerenna som førde vatnet ned til kvednakallen.
Styret i sogelaget har fatta vedtak om å engasjera seg i høve til ny opprusting - i første omgang naudsynt vedlikehald av bygget. Det er eit mål å få lokalt engasjement for denne oppgåva.
Comments