Nyhende frå Sund sogelag

VÅR DAG – «Ein skuledag i gamle dagar»

Dato: laurdag 3.september kl.12-16 på Skulestova på Berge.

Sundvegen 718, 5379 Steinsland

Arrangør Sund sogelag og Venelaget til skulestova på Berge

Ein skuledag frå gamle dagar, i den gamle skulestova. Det vert framvisningar av bilete og filmar med forteljingar frå skulen i gamle dagar. Vi har aktivitetar, oppgåver og leikar ute og inne slik at alle skal bli kjende med korleis skulen var i gamle dagar.


Program:

Kl.12.00 – opning av arrangement

Ope skulestove med framvisningar, aktiviteter og oppgåver inne.

Leikar ute frå gamle skuledagar.

Enkel servering inne og ute.

Kl.16.00 – arrangementet er slutt.