top of page
Naust

Om Sund sogelag

Sund sogelag vart skipa 25.9.1997 og oppattstarta etter ein stille periode 26.4.2006. Laget har til føremål å fremja interessa for slektshistorie, lokalhistorie og kulturvern. Laget vil dokumentera og hjelpa til med å ta vare på det som har verd for Sund si historie - og som kan fortelja om folket her sine levevilkår gjennom tidene.

For å skapa merksemd om den innsatsen som vert ytt for å ta vare på kulturminna våre, vil laget dela ut “Sund sogelag sin kulturminnepris” kvart andre år.
 

Den største oppgåva laget har teke medansvar for er utgjevinga av bygdeboka “Sund på søre Sotra” - 5 band med gards- og slektshistorie og det 6. bandet med kultursoga. I bygdeboknemnda som styrte dette arbeidet hadde sogelaget fire medlemmer medrekna leiar og kommunen éin medlem. Sund sogelag fekk i 2019 Sund kommune sin kulturpris - i hovudsak for innsatsen med bygdeboka.
 

Sogelaget var pådrivar for å få restaurert skulestova på Berge (bygd i 1898). Her har “Venelaget til skulestova på Berge” gjort ein stor innsats. Sogelaget vil samarbeida med Venelaget i det vidare.
 

Sogelaget er oppteken av at Olav Toft-samlinga på Tofterøy skule skal vera tilgjengeleg - slik at historia samlinga vitnar om kan verta kjend. Sogelaget har arrangert historiske vandringar på gardar i Sund. Her har lokalkjende omvisarar hatt mykje interessant å fortelja.
 

Sogelaget har ei boksamling som folk kan låne på Skogsskiftet bibliotek. Du kan òg bestille fjernlån på nettet. Her finn du treffliste med alt som er registrert på Sund sogelag: https://bib.no/gXDS96

 

Sund sogelag er med i Hordaland sogelag: www.hordalandsogelag.no og i Landslaget for lokalhistorie: www.landslaget.org

bottom of page