top of page
Nyhende frå Sund sogelag

BIBLIOTEKJUBILÉET I SUND - RAPPORT

Sund sogelag starta planlegginga av bibliotekjubileet i november 2022, ved å peika ut ein komité som kunne jobba fram eit eller fleire arrangement som skulle markera jubileet. I komiteen var òg ein representant frå Folkeakademiet Vest, som deltok som medarrangør.


Vi fann at Kulturminnedagane 2023 kunne vera høveleg tidspunkt for jubileet. Markeringa skulle få fram at bøker har vore utlånt i Sund kommune i 200 år. Norges kulturvernforbund sitt tema for MIN kulturminnedag dette året var «Levande kulturarv», noko vi meinte høvde særs godt for dei tankane vi hadde for bibliotekjubileet.


Arbeidet auka i takt med idéane for feiringa. Engasjementet var stort frå kommunen, skulane og dei frivillige laga som vi spurde om å delta. Det resulterte i 6 gjennomførte delprosjekt: Vandreteateret, Skuleneset, Jubileumsheftet, Konserten, Bokkasseprosjektet og Filmen.


Vandreteateret Vandreteateret gjekk av stabelen 2.september i Klokkarvik i og rundt Sund kyrkje. Grunn-gjevinga for stadvalet var enkelt, for det var her soknepresten starta med utlån av bøker. Den 200 år gamle historia vart framstilt på 6 ulike scener. Sogelaget engasjerte Helga Golten og Yvonne Algrøy som profesjonelle manusforfattarar. Dei hadde òg regien i vandreteateret. Skodespelarane var amatørar frå lokale teaterlag. Elles hadde kor, barneteater, brassband og toradarklubb roller i teateret. Nokre dramaelevar frå Øygarden kulturskule var òg med.


Vandreteateret samla i alt om lag 300 menneske med frivillige, arrangørar, inviterte gjestar og publikum. Responsen på førestillinga har vore udelt positiv. Komitéen har ikkje mottatt ein einaste negativ ytring og er såleis svært nøgd med det første arrangementet.













Biskop Neuman på visitas i Sund Nokre av skodespelarane i vandreteateret


Skuleneset Ordføraren opna kulturminnedagane på Skuleneset ved å takka alle frivillige som gjer det mogleg å gjera kulturarven levande og aktuell. Grendalaget, båtlaget og kystlaget stod ansvarlege for aktivitetar og salsboder på kaien. Det var elles musikkinnslag med dei same gruppene som deltok i kyrkja.


Litteraturbåten EPOS, med avtalt program for barna, måtte melda pass dagen før grunna motorhavari. I staden fekk barna oppleva ei anna førestilling i ein garasje som kjapt vart stilt til disposisjon. Det samla 24 barn og vaksne. Eit konkurrerande arrangement for barnefamiliar i nabobygda gjorde nok sitt til at ikkje fleire var på Skuleneset.


Jubileumsheftet Forfattarar av heftet er alle medlemer i Sund sogelag. Det er delt inn i ulike tidsepokar for å gje ei god oversikt. Mange illustrasjonar og bilete er tatt med for å gjera skriftet lesbart og interessant. Designar Heidi Fjell har forma og fått trykt opp heftet i 500 eksemplar. Alle som har bidratt på ein eller annan måte har fått heftet som ein takk for innsatsen og som eit minne om jubileet. Restopplaget ligg på Skogsvåg og Straume bibliotek og kan kjøpast av interesserte.




Framsida av jubileumsheftet og illustrasjon av soknepresten som lånte ut bøker i kyrkja


Konserten Sogelaget ville visa at biblioteket er ein aktuell møteplass for kulturelle opplevingar. Difor inviterte vi til konsert med Ole Hamre og Gabriel Fliflet. Dei to innfridde over all forventning. Eit fullsett bibliotek fekk oppleva forrykande rytmar på til dels utradisjonelle instrument. Gjesteartist Symphorien Pombe, som er busett i Sund spelte, song og dansa med stor entusiasme og innleving. Samspelet var eit overraskande høgdepunkt for mange.


Tofterøy småkvedarlag opna konserten med fine folketonar og sjarmerte publikum i senk.



Ole Hamre og Gabriel Fliflet med konsert på biblioteket


Etterpå kunne publikum kjøpa boka som Sverre Bungum hadde skrive om Johannes Fritzner Greve, som var sokneprest i Sund frå 1833 og som overtok ansvaret for bokutlånet i kyrkja. Han var opptatt av folkeopplysing og fekk mykje å seia for kulturlivet i kommunen i heile 50 år.



Bokkasseprosjektet Bokkassen har vore og er eit symbol på bokutlån. Presten hadde den første bokkassen, og den kommunale bibliotektenesta har nytta kassar til å låna ut bøker og frakta dei ut til skulane. Difor ville jubileumskomiteen oppfordra skulane til å laga, dekorera og fylla eigne bokkassar til ei utstilling på biblioteket. Responsen var overveldande. Her har elevar og tilsette vist stort engasjement og arbeidslyst. Kreativiteten har resultert i fantastisk fine bokkassar.



Bokkasse frå Stranda skule


Prosjektet hadde eit konkurranseelement i seg. Elevar som var innom biblioteket, kunne stemma på den bokkassen som dei syntest var finast. Flest stemmer gjekk til Stranda skule, som får eit forfattarbesøk i premie. Mellom dei som hadde levert ein stemme, var to gutar som får kvar sin bokpremie utlevert på biblioteket.



Bokkasse frå Sund ungdomsskule fylt med bøker som dei sjølve har laga


Øygarden kommune bidrog med DKS-framsyningar under og i tilknyting til kulturminne-dagane. Forfattarbesøk med førestilling «Pling Vaken» for barneskulane og ungdomsskulane fekk ein kulturarvproduksjon som handla om bunader, drakter og identitet, inspirert av det tradisjonelle og det moderne. Midt i blinken for temaet «Levande kulturarv».


Filmen Sogelaget ynskte å få dokumentert vandreteateret og hyrte filmskapar Øyvind Heggstad til å gjera det arbeidet. Resultatet er etter klipping og redigering om lag 1 time med ferdig film og ein kortversjon på 35 minutt. Filmen er i sogelaget sitt eige og vil bli vist fram for alle som var involverte og seinare for sogelaget sine medlemer og andre interesserte.


Oppsummering Det var stor og god oppslutning om jubiléet under kulturminnedagane, bortsett frå det andre arrangementet på biblioteket som vi dessverre måtte avlysa grunna sjukdom. Her skulle vi få eit foredrag om biblioteket som møteplass og debattarena frå doktorgraden til Elin Golten. Vi håper hovudbiblioteket finn plass til foredraget på eit seinare tidspunkt,- inkludert ein samtale om framtidige ynskje for vårt lokale bibliotek i Sund.


13.10.23 Laila Klemetsaune

bottom of page