top of page
Nyhende frå Sund sogelag

Sverre Sangolt fekk kulturminneprisen 2024




Sund sogelag overrekte kulturminneprisen for 2024 til Sverre Sangolt frå

Skogsvåg ved eit arrangement på Nordsjøfartmuseet 6.11.2024. Foto Halvor Skurtveit.


Kulturminneprismottakar 2024, Sverre Sangolt og kona Linda. Foto Halvor Skurtveit.


Kulturminneprisen er eit heidersteikn for framståande innsats i arbeidet

med å ta vare på kulturminne i Sund. Målet er at prisen skal skapa auka

forståing og interesse for kulturminna våre.


Leiar i Sund sogelag overrrekker diplom til kulturminneprismottakar Sverre Sangolt. Foto Halvor Skurtveit.


Sverre Sangolt fekk prisen for sitt vidtfemnande og langvarige arbeid

med formidling og fysiske tiltak innan kulturvern. Sogelaget overrekte

diplom og blomar - og sjølve prisen på kr. 5000.-.


Frå Øygarden kommune overrekte nytilsett kultursjef Marian Guddal Hansen blomar og

gåve. Ho hadde si første offisielle representasjonsoppgåve då ho heidra

Sverre Sangolt. Foto Halvor Skurtveit.


Fleire av dei inviterte gjestane kom og med helsingar og heidra Sverre

Sangolt for hans frivillige innsats. Annabelle gledde dei frammøtte med

fin sang.


I si takketale for prisen, heldt Sverre Sangolt fram at han hadde fått stor

støtte frå kona Linda og familien elles. Han heldt og fram at han hadde

fått med seg ungdommar som hadde vist stort engasjement og ytt viktig

hjelp. Interessa for lokal kultur hadde han hatt med seg frå barndommen.

Eit oppvekstmiljø prega av fiske og landbruk - og eit aktivt ungdomslag

medverka til interessa. Bilete til høgre syner gavlabåten DUEN, istand sett av Sverre med hjelperar. Foto Sverre Sangolt.


I boka “Frå Tyssøy til Tekslo” der Sverre Sangolt var med i

redaksjonsnemnda og er kreditert som Jon Severud sin medskrivar

har Sund fått si eiga fiskerihistorie - og oversyn over fiskefartøya som

har høyrt heime her.














Sverre Sangolt reiste rundt og fotograferte omlag 500 naust i Sund -

mange prega av forfall. Dette vart opptakten til det interkommunale

prosjektet “Ny næring i gamle bygg i Strandsona” . Målet var at offentleg

forvaltning skulle medverka til at ny bruk av bygg kunne sikra at bygga

vart teke vare på. Etter prosjektet vart Naustforeninga Nytt i Naust skipa.

Sverre Sangolt er leiar i foreninga som har 100 medlemmer frå heile

landet.





På heimesida til laget: http://naust.org

kan ein sjå omtale av prosjekt der Sverre Sangolt har hatt leiing av

dugnadsinnsats for å ta vare på gamle sjøbuer/naust. Det siste prosjektet så langt er flyttinga av eit grindbygd naust frå 1870 som er

flytta frå Førdespollen til Hope i Skogsvåg.


Naustet i Sangolthopen. Foto Sverre Sangolt.




Sverre Sangolt har vore oppteken av kvalfangsten i Skogsvågen.

Han har vore pådrivar og fått med seg folk til vedlikehald av Kvalbua,

til å arrangera Kvalfestivalane og i arbeidet med filmen “Kval i våg” - som

formidlar historia om kvalfangsten i Skogsvåg. “Kval i våg” hadde

premiere på “Kvalitetskveld” i ungdomshuset i Skogsvåg - leia av Sverre

Sangolt.










Sverre Sangolt representerte Sund sogelag i bygdeboknemnda frå

oppstarten av arbeidet med verket “Sund på søre Sotra” i 2007 til band 6

kom ut i 2019. Han var fotoansvarleg og pådrivar for innsamling av

bilete. Bokverket utmerkar seg med seg med omfattande bruk av bilete

som byggjer opp under historieformidlinga.


Sverre Sangolt har skrive fleire artiklar i Havstrilen. Han har medverka til

utgjevinga av 3 årbøker frå Skogsvåg. No er han aktuell med ny bok om

Statfjordfeltet - arbeidsfolka og aktivitetar.


Vivian Steinsland stemde i songen “Sund på søre Sotra” av Johannes

Kleppevik - songen som er ein gjennomgangsmelodi i arbeidet med

bygdebøkene for Sund. Gjestane var med på refrenget.


Gerhard Inge Storebø (v), prismottakar Sverre Sangolt og Vivian Steinsland (h) frå sogelaget. Foto Halvor Skurtveit.

Sponsor for Sund sogelag sin kulturminnepris 2024 er Klepsvik & sønn/

Klepsvik mat (Spar Forland). Morten, Kjetil og Vidar Klepsvik var

tilstades ved prisutdelinga og viste med det si støtte til

kulturminnearbeidet. Foto Halvor Skurtveit.


Alle var samde om at det var ein minnerik kveld på Nordsjøfartmuseet.



Comments


bottom of page