Torsdag 21.april 2022 inviterte Sund sogelag i samarbeid med Folkeakademiet Vest til samling ved loshytto på Vikso. Omlag 50 personar hadde møtt fram i det svært fine vårveret denne kvelden.
Nokre av dei frammøtte ved Loshytto. Informasjonstavla heng på hytteveggen, til venstre. Foto: Mette Jacobsen.
Det var det nasjonale minnesmerket for losar og mannskap som kom vekk på sjøen i tenesta som stod i fokus for samlinga. Minnesmerket vart avduka 29.august 2004. Bakgrunnen for samlinga no, var at det i vinter har kome opp informasjonstavler om minnesmerket - ei i loshaugen og ei ved Viksavegen. I loshaugen er det og sett opp ei kartskive på stativ - der sikteliner til namngjevne punkt er markerte. Sogelaget har medverka til oppsetting av informasjonstavlene og kartskiva.
Los Kjell Evensen fortel frå historien til losstasjon ved Krossfjorden ved minnesmerket frå 2004. Foto: Mette Jacobsen.
Los Kjell Evensen fortalde om historia til losstasjonen på Viksøy. Ved etableringa av “Korsfjordens felleslosing” vart det slutt på kapplosinga - der losane ofte tok risiko for å koma først fram til skipet som ynskte los. “Stasjonane” Golta, Vardøy, Viksøy, Bakkasund, Stolmen og Brandasund vart samla til “Korsfjordens felleslosing” i 1901. Kjell Evensen fortalde at tanken om å få reist eit minnesmerke for dei som hadde kome vekk på sjøen i lostenesta først kom opp ved feiringa av 100-årsjubileet til Viksøy losstasjon i 2001. Kystdistriktsjefen tende på ideen, kommunane Sund og Austevoll engasjerte seg i prosjektet - og mannskap ved stasjonen og andre lokale gjorde dugnad for tiltaket. Kystverket og dei to kommunane tok økonomisk ansvar for oppsetting av minnesmerket og arrangementet ved avdukinga 29.8.2004. Tidlegare fyrmeister på Utvær - Leidulf Humlestøl som var utdanna murar fekk jobben med å byggja minnesmerket. Minnesmerket symboliserer ei stigande bylgje. Steinane som vart nytta i murverket vart samla inn i fjæresteinane i området. Muraren oppdaga at her var samla inn stein som ikkje hadde lokalt opphav. Det viste seg å vera ballast-stein som skutene kvitta seg med når dei var i Bergen for å lasta.
Kjell Evensen nemnde og markeringa av 300-årsjubileet til losvesenet. I 1720 vart det for første gang oppretta ein fast statleg losadministrasjon. Då representantar frå sentrale kyststyresmakter vitja Viksøy losstasjon i samband med dette jubileet, kom det fram at det var lite kunnskap om det nasjonale minnesmerket som var reist her ved stasjonen.
Ordførar Tom Georg Indrevik hadde ikkje vore i loshaugen på Vikso før denne kvelden. I si helsing til dei frammøtte, heldt ordføraren fram at at det nasjonale minnesmerket burde gjerast meir kjend - og at det såleis var positivt at det no hadde kome opp informasjonstavle om minnesmerket. Han gav og uttrykk for at loshaugen som utsiktspunkt og med minnesmerket var ein fin plass å vitja for meditasjon og ettertanke.
Tom Georg Indrevik og Laila Klementsaune ved sikteskiva. Foto: Laila Klementsaune.
Kjell Magnus Økland frå Kystkultur.no fortalde ei historie om då losane sørom fjorden skulle borda ei skute i grov sjø - og ein los kom vekk. Han kom og inn på det språklege opphavet til nemninga los.
Kjell Magnus Økland har ordet. Foto: Lill-Tove Mosling.
Vivian Steinsland hadde med lydanlegget sitt - og det verka fint. Diverre er det ikkje lenger straumforsyning i loshytto, så sogelaget måtte låna straumaggregat hjå kommunen. Litt støy frå aggregatet reduserte ikkje opplevinga av vakker song i særleg grad. Julianne Trellevik og Anabelle Whitfield i Tofterøy småkvedarlag, Franciska Trellevik og Annabell og Vivian hadde musikalske innslag undervegs i programmet.
"Har du fyr" song Franciska Trellevik til tonefølgje av Vivian Steinsland. Foto: Mette Jacobsen.
Så var det kringle og kaffi - og dei frammøtte tok seg god tid til ein kveldsprat i loshaugen før dei tok til heimveg.
Takk til Kjell, Vivian og styret i sogelaget (kaffikokarane) for vel gjennomført arrengement !
Commentaires