Føreslå kandidatar til kultuminnepris 2026
- for 3 døgn siden
- 2 min lesing

Prisen skal delast ut til person, organisasjon eller miljø som har gjort ein særleg innsats for å fremja forståing og interesse for sider ved kulturarven vår. Nærare om føresegnene for prisen kan du lese om lengre nede.
Sund sogelag tek imot grunngjevne framlegg til kandidatar til kulturminneprisen – innan fristen 15. juni 2026. Framlegg kan sendast til : sundsogelag@gmail.com eller Sund sogelag ved Gerhard Inge Storebø – Dalen 14 – 5379 Steinsland.
I 2026 vil Sund sogelag dela ut sin kulturminnepris for fjerde gang. Her er korte presentasjonar av tidlegare prisvinnarar.


Arne Asphaug fekk i 2022 kulturminneprisen for sitt omfattande arbeid med å dokumentera
lokal historie frå vårt område. Lista over dei bøkene og artiklane han har fått gjeve ut
er lang og femner vidt. Her er prisvinnaren saman med leiar i Sund sogelag, Gerhard Inge Storebø.

Sverre Sangolt fekk prisen i 2024 for sitt vidtfemnande og langvarige arbeid
med formidling og fysiske tiltak innan kulturvern.
FØRESEGNER FOR SUND SOGELAGS KULTURMINNEPRIS
Sund sogelag oppretta Kulturminneprisen i 2019. Prisen kan delast ut annakvart år om ein finn høvelege kandidatar.
§ 1 FØREMÅL
Kulturminneprisen er eit heidersteikn for framståande innsats i arbeidet med kulturminne i Sund.
Prisen skal stimulera til større forståing og interesse for kulturminne, mellom anna
- ivaretaking av eldre byggjeskikk og bevaring av verneverdige kulturmiljø
- ivaretaking, bruk og levandegjering av immaterielle kulturminne
§ 2 PRISEN
Kulturminneprisen er ein pengesum og eit diplom, og eit skriv med grunngjeving for tildelinga.
§ 3 TILDELING
Prisen kan tildelast éin eller fleire personar, firma, institusjonar, organisasjonar, foreiningar eller lag i Sund. Det er styret i Sund sogelag som står føre arbeidet med prisen og grunngjev tildelinga.


Kommentarer