UTDELING AV SUND SOGELAG SIN KULTURMINNEPRIS FOR 2026
Oppdatert: for 23 timer siden

Margrethe Kallestad fekk overrekt Sund sogelag sin kulturminnepris for 2026 ved ei tilstelling på Nordsjøfartmuseet 18.11.26. På tilstellinga var det inviterte gjestar - slekt og vener av prisvinnaren og representantar frå dei sogelaget samarbeider med.
Fleire av gjestane - med ordførar Tom Georg Indrevik i spissen, kom med helsingar til prisvinnaren. I helsingane kom det fram at Margrethe Kallestad var ein verdig og fortent prisvinnar.

Mange døme på hennar allsidige innsats vart nemnt. Margrethe heldt og ei fin tale der ho fortalde om opplevingar knytte til frivillig innsats og jobb - og der ho takka for prisen.
Det er fjerde gangen laget deler ut denne kulturminneprisen.
Prisen er eit heidersteikn for framifrå innsats i arbeidet med å ta vare på kulturminne i Sund. Sogelaget vonar at opprettinga av prisen skal auka forståinga og interessa for kulturminna våre.

I grunngjevinga for tildelinga av prisen i 2026 vert det framheva at Margrethe har vore ein markant formidlar av kulturarven vår på fleire område i mange år. Ho er kunnskapsrik om kulturhistoria i Sund og har vore med på å skapa forståing for verdien av vår historie.
Margrethe formidlar kunnskapen sin på ein tydeleg Sunddialekt - noko som gjer språket og formidlinga rikare og meir autentisk.
Margrethe er inkluderande og støttar opp om andre sitt kulturminnearbeid. Ho er allsidig, positiv og fremjar andre sin innsats. Eit døme er engasjementet for at Minda Olsen skulle få Kongens fortenestemedalje.
Margrethe var med i styret i Sund sogelag då laget drog i gang arbeidet med bygdebøkene “Sund på søre Sotra” i 2006. Ho vart med i bygdeboknemnda alt frå starten. Første bandet som omfatta gards-og slektssoga for Gnr.1 - Gnr.12 kom ut i 2012. Så kom dei neste 4 bøkene som perler på ei snor. I 2016 stadfesta Sund kommunestyre at arbeidet med band 6 - Kultursoga kunne førast vidare.

No vart det peika på Margrethe som leiar for bygdeboknemnda - og ho sa seg villig. Ho leia arbeidet i nemnda på ein trygg og god måte til Kultursoga kom ut i 2019. Då hadde Margrethe arbeidd med bygdebøkene i mest 14 år.
“Perler i Nordsjøløypa” vart ein del av det statlege verdiskapingsprogrammet på kulturminneområdet. Margrethe var delprosjektleiar for “Guideservice” som var ein del av den lokale satsinga. Ho var og med i redaksjonsnemnda for heftet “Vandring i
vest” i same prosjektet. Også sogelaget har fått hjelp frå Margrethe som guide på kulturhistorisk vandring i Telavåg.

Då sogelaget markerte 200-årsjubileet for biblioteket i Sund i 2023, hadde Margrethe
viktige roller i vandreteaterframsyninga i og ved Sund kyrkje.
Då Sund blandakor hadde jubileumskonsert i Sund kyrkje 9.juni 2024 var Margrethe konferansier. Det var ein fryd å lytta til hennar skildring av koret si 50-årige historie med mange av dei verdiane og opplevingane som ho og andre koristar hadde hatt gjennom songen.
Margrethe har gjort ein stor innsats for lokalhistoria vår gjennom jobben sin på Nordsjøfartmuseet. Sund sogelag har vore representert i styret i Stiftinga Nordsjøfartmuseet - eit styre som har kunna støtta seg på Margrethe sin kunnskap og innsats. Også her vil sogelaget takka for godt samarbeid.
Etter talene, var det spelemannen Øivind Vabø som heldt ein minikonsert.

Det kom mange positive tilbakemeldingar hans hardingfelespel.
Så vart det servert kaffi og kake. Medlemmer i styret i sogelaget las interessante historiar frå Kultursoga - band 6 i bygdebokverket “Sund på søre Sotra”.
Øivind Vabø avslutta med ein stemningsfull slått på hardingfela.
Alle foto, om ikkje anna er nemnt, er tekne av Vigleik Brekke, Øygarden kommune.


Kommentarer