top of page
Nyhende frå Sund sogelag

Historisk vandring Golta

Onsdag 15.juni 2022 møttes 52 personar på Goltabrua for å vera med på historisk

vandring på Golta. Sund sogelag hadde fått Olav Artur Golten til å vera omvisar for

vandringa.


ree

Oppmøte ved Golta-bru. Omvisaren, Olav Arthur Golten, midt til venstre. Alle bilete av Vivian Steinsland.


Olav Artur starta med historia til Goltabrua, vegsambandet og kanalen under brua.

Så fekk me vera med til “Henjo” og “Båtanaustet” - og fekk vita litt om Golten

Landnotlag.

ree

Hengjo i Goltasundet, nord for brufeste på Golta.


Even Golten ytte i si tid stor innsats med å restaurera bygningane - og

fekk overta desse.


ree

Olav Arthur (grå jakke) på veg inn i Hengjo.


Deretter vart det ein roleg spasertur sør til Voggo. Der viste Olav Artur delet mellom

Øvre og Nedre Golta og fortalde om utfordringane med å ta seg over “Stegen” i

ymse ver.

ree

Inst i Voggo.


Me gjekk vidare sørover til moloen - stadig med orienteringar frå

omvisaren.


ree

Eit "ikonisk" Golta-motiv.


Langhuset på Øvre Golta er truleg det eldste huset i Sund-sokna. Her var eigar av

austre delen av huset - Arne Golten tilstades og svara på spørsmål. Me fekk og sjå

inn i huset der mykje gamalt er samla.


ree

Langhuset.


Me avslutta turen med “kringlesamvær” i naust ved nordre sjøen - ikkje langt frå

is-tjørna og “Notanaustet” til Golten Landnotlag. “Notanaustet” vart og restaurert av

Even Golten. I naustet hadde Olav Artur med familie ordna med bord og stolar - så

det vart ei triveleg stund med prat, kaffi og kringle. Olav Artur let seg utfordra til å

syngja “Vårvise i naustet” av Johannes Kleppevik og Olaf Stølsvik. Forsamlinga fylgde opp med

allsong på refrenget.


ree

"Vårvise i naust".




Takk til Olav Artur og hans gode hjelparar for ein minneverdig tur på Golta denne

kvelden !


ree

Skrive av leiar i Sund sogelag Gerhard Inge Storebø

 
 
 

Kommentarer


bottom of page