top of page
Nyhende frå Sund sogelag

Kunstnaren Adolph Tidemand si reise sommaren og hausten 1843.

Adolph Tidemand (1814–1876) var ein norsk kunstmålar og sentral kunstnar i nasjonalromantikken i Noreg. Mellom dei mest kjende måleria hans finn ein Haugianerne. Eit anna er Brudeferd i Hardanger som han laga saman med Hans Gude.


Sommaren 1843 la han ut på ei studiereise i Sør-Noreg, gjennom Østerdalen over fjellet til Gudbrandsdalen og vidare til Sogn, Voss og Hardanger. Her møtte han for første gong Hans Gude, saman reiste dei inn Sørfjord og opp til Folgefonna. Etter dette la Tidemand turen ut fjorden og vitja Bjelkarøyna, Lerøyna og Bukken i Sund, før han returnerte til Christiania via Strand i Ryfylke og heimstaden Mandal.


Formålet var eigentleg å samle materiale til eit historiemaleri med motiv frå soga om heillag Olav, men undervegs blei han fengsla av ein ny motivkrins: norske bønder sine skikkar og tradisjonar. Teikningane han utførte av norske folkedrakter har òg stor kunstnerisk og kulturell betydning. Draktteikningane spenner over eit tidsrom på nærare 30 år; frå kunstnaren si fyrste studiereise i 1843 til den siste i 1874, og utgjer til saman rundt 150 teikningar og arbeid i olje.


Blant dei mange skissene og teikningane som Nasjonalgalleriet har etter Adolph Tidemand finn ein fleire teikningar som han gjorde mens han var i Bukken og på Lerøyna 1.-3. september 1843. To av teikningane, bilete 1 og 3, karakteriserar personane som havstrilar og viser korleis dei kledde seg.



Bilete nr 1: «Et Havstrilexemplar». Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design, Billedkunstsamlingene. NG.K&H.B.04447. Adolph Tidemand; Dag Andrè Ivarsøy (foto).


Bilete nr 1 er ei teikning kalla «Et Havstrileexemplar» som viser ein mannsperson med breibrema hatt, i jakke og vest. Hendene godt planta i lommene på nokre vide knebukser og på føtene noko som kan sjå ut som eit par sjøstøvlar. Kan hende det var slik ein kledde seg når ein skulle på sjøen? I alle fall er påkleding ikkje ulik eit handkolerert trykk, bilte nr 2, av mann og kvinne frå Sund prestegjeld frå om lag 1812-1815. Dette trykket er ikkje av Adolph Tidemand, men del av verket «Norske nationale klæsdrakter», truleg etter førelegg av den bergensbusette kunstnaren Johan Friedrich Leonard Dreier (1775-1833). Det er òg likskap i hovudplagget til kvinna på bilete nr 2 samanlikna med skissa av kvinna i bilete nr 3.




Bilete nr 2: Man and Woman from Sund (ENG) En Bonde og hans Kone fra Sunds Præstegjeld, i Bergenhuus Stift (DAN) Ein Bauer und seiner Frau aus dem Sunds Kirchspiel, im Stiftsamte Bergenhuus (TYS). Johannes Senn, J.F.L. Dreier, Heinrich Gottfried Ludewig. Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design, Billedkunstsamlingene NMK.2020.0157. Ina Wesenberg (foto).


Bilete nr 3, er merkt «Leerøen» («Leirøy» i Nasjonalgalleriet si modernisering). Viser teikningar av fleire personar, kvar i ulike posisjonar. Forutan kvinna nemnd over, er to menn avbilda. Ein med ein karakteristisk hatt, denne mannen er òg vist frå sida, berande på noko på ryggen. Ein piperøykjande mann med hue er fargelagt og viser han både i front og med ryggen til. Ei teikning viser ein sitjande gut, i åtte-tiårs alderen, som lener seg på albogen mot noko som kan sjå ut som ein dørkarm. Under teikninga står namnet «Niels» skrive. Kan denne «Niels» vere Nils Johannesson Lerøy (1835-1861)? Alderen ser ut til å kunne stemme.



Bilete nr 3: «Havstriler». «Leerøen» 1. september, truleg 1843. Under teikninga av guten står namnet «Niels». Kan dette vera Nils Johannesson Lerøy (1835-1861)? Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design, Billedkunstsamlingene. NG.K&H.B.04336. Adolph Tidemand; Dag Andrè Ivarsøy (foto).


Ein annan teikning, bilete nr 4 er stadfesta «Bjelkerøen» av ein robåt (seksæring) oppdregen på lunnar framføre eit naust, datert 2/9-43. Oppi båten er det ein fiskereidskap, ei glip.




Bilete nr 4: «Bjelkerøen» 2. september, 1843. Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design, Billedkunstsamlingene. NG.K&H.B.04470. Adolph Tidemand; Dag Andrè Ivarsøy (foto).


Vidare er det to teikningar stadfesta Bukken («Bokken») av kvinner kledde i noko som kan vere staskleda (bunad) deira. Bilete nr 5 er av ei sitjande ung jente namngjeven som «Oline», datert 2/9-43. Sjølv om det er langt færre Olina-er eller Oliner enn Nils-ar i registret over førenamn i bygdebøkene for Sund (Skogseth og Fyllingsnes, 2016) er det vanskeleg å kome opp med ein kandidat for kven modellen her kan vere. Ho treng ikkje vere frå Sund, anten tenestejente på staden eller frå Fana?




Biltete nr 5: «Oline» Bukken 2. september 1843. Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design, The Fine Art Collections. NG.K&H.B.04326. Adolph Tidemand; Dag Andrè Ivarsøy/Anne Hansteen (foto).


Den andre teikninga, bilete nr 6, av ei ståande vaksen kvinne, utan namn, men tilskriven «Fanesogn», datert 3/9-43, «Bokken». Om dette kjem av at Tidemand var i villreie om Bukken kvar sokna til, eller om det er ei kvinne frå Fana skal vere usagd. Kjennare av klestradisjonar og bunader kan kanskje seie noko meir ut frå korleis kvinna og jenta er kledde.




Bilete nr 6: «Fanesogn» 3. september 1843. Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design, The Fine Art Collections NG.K&H.B.04327. Adolph Tidemand; Dag Andrè Ivarsøy/Anne Hansteen (foto).


Litteratur:

Norsk Kunstnerleksikon band I-IV. Nasjonalmuseet (1982-86).

Skogseth, Arvid og Fyllingsnes, Frode. SUND PÅ SØRE SOTRA, band 5 Gards- og slektssoge gnr. 41-gnr. 50. Sund Kommune 2016.

bottom of page