top of page
Nyhende frå Sund sogelag

Prost Greve-kveld i Sund kyrkje

Torsdag 12.januar 2023 inviterte kyrkja til ei markering av prost Johan Fritzner Greve

sitt arbeid i Sund. Bakgrunnen var at Sverre Bungum har fått gjeve ut ei bok han har

skrive om prosten.


Omlag 50 frammøtte fekk oppleva at Kjell Asle Børnes på ein fin måte leia

programmet - og at kantor Irina Tarasova spela orgel til salmane som vart sunge og

avslutta på piano med ei vakker framføring av postludium av J.S.Bach.


Egil Morland heldt foredrag om prestane si rolle i folkeopplysniga på 1800.

“Potetprestane” gjorde ein viktig jobb i denne tida med tanke på å sikra matforsyning

etter fleire kriseår på 1700-talet og tidleg på 1800-talet.


Sverre Bungum fortalde om prosten. Han trekte fram nokre episodar - som nok

freista mange til å lesa vidare i boka som no har kome ut. Han fortalde og om sin

kontakt med FInn Wesenberg - tippoldeson til prosten. Finn Wesenberg var invitert til

samlinga denne kvelden. Han fortalde om sin kontakt med Greve-slekta og om sine

besøk i Wesenberghuset som låg eit par hundre meter nedanfor prestehuset på

Klokkarvik.


Sund sogelag var invitert for å fortelja litt om Sund Almuebibliotek - og det jubileet

som er planlagt. Styreleiar i laget innleia. Sidsel Frøkedal fortalde om planane som

komiteen for 200-årsjubileet til biblioteket arbeider med.


Samlinga vart avslutta med kyrkjekaffi.

bottom of page