top of page
Nyhende frå Sund sogelag

Historisk vandring Trellevik


Tysdag 18.juni 2024 møttest me ved Tofterøy skule for å vera med på tur i Trellevik.

I starten var me 23 deltakarar som møttes i finaveret.



Øystein Trellevik var omvisar. Han er oppvaksen her og bur framleis i Bandelen.

Eldste sonen Håvard har teke over drifta av deira bruk - bruksnummer 2. Far til

Øystein - Anfinn, var mellom anna vegvaktar - og hadde då god hjelp av hesten -

”Flinken” som var godt kjend på vegen. Hesten var og god å ha i gardsdrifta.





Sund kommune godkjende i si tid (etter klage frå oppsitjarane) at den private vegen

både aust og vest for fylkesvegen fekk namnet Bandelen.

Øystein viste oss det området bestefaren dyrka lengst aust i Bandelen. Her gjekk det

villsau på beite. Me passerte og bi-garden til Harold Trellevik. Nord for det dyrka

området er det spor etter torvtaking. Alle bruka på garden hadde sine torvrettar -

også etter utskiftinga.






Øystein fortalde om flyttinga av bustadhuset på bnr.2 etter utskiftinga som vart avslutta i 1918. Nytt bustadhus vart teke i bruk i 1922. I byggeperioden vart ein

jordkjellar nytta til bustadføremål - men det er delte meiningar om i kva omfang.






Me fylgde så den gamle gardsvegen vestover frå bnr.2. På bnr.1 og bnr.3 har det i

lengre tid gått føre seg oppgradering av jordbruksarealet. I det siste har det vorte

tilkøyrd mykje jord frå anlegget til Sotrasambandet. Tore Trellevik fekk bygd ein stor

driftsbygning for mjølkeproduksjon på bnr.3. Han fekk ikkje kontroll på økonomien -

og bnr.3 vart seld. No er drifta av bnr.1 og 3 felles. I marka nord for den store

driftsbygningen traff me på ein geiteflokk. Kjea gjekk med geitene. Nokre villsauer

møtte me og. Me var då på veg mot Risvika.









Øystein fortalde om Brita i Risvika - som vart enkje med 4 gutungar (den eldste 7 år).

Huset hennar stod på bygsla tomt. Tomteleige måtte betalast med dagsverk hjå

eigarane. Ho var kjend for å vera flink til å pynta brurene som fekk låna brurestasen

som var på bnr.1 (m.a. brurekrone). I seinare tid vart huset i Risvika nytta som

feriehus. I Risvika har Bergen og Omland Filuftsråd sikra eit friluftsområde. Det har

vel vore heller lite brukt.

I løa på bnr.1 er det no ølbryggeri med løyve til drift av eige utsal - “Tøftabrygg”.

Ølet deira er og å få kjøpt i butikken.

Tida gjekk - og me fekk ikkje teke turen ned til fiskerihamna og industriområdet.

Fiskerihamna var ferdig i 1964.




Så gjekk turen vidare til området til Trellevik Kystkultursenter. Området vart skild ut

frå bnr.1 - då kommunen tok på seg ansvaret med å vedlikehalda dei historiske

bygningane.



Ved “Jektenaustet” fekk me sjå ein nyrestaurert gavlbåt -G/B “Øystein” med

fiskerinummeret H 47 S. Øystein fortalde om det lokale engasjementet for å ta vare

på denne båten - og om den tidlege historien til fiskebåten i lag med skøyta “Cita”

(seinare omdøypt til “Zeta”). No er båten - som er ein god seglar - klar til ny innsats

etter ei større overhaling hjå båtbyggjarar i Sogn.



Så vart det servert kringle og kaffi i Bygnaden. Her gjekk historieforteljinga vidare.

Både Øystein og leiar i Stiftinga Trellevik Kystkultursenter - Willy Storebø - hadde

interessante og underhaldande historiar om arbeidet i båtlaget og i stiftinga.








Sogelaget er takksam for omvising og historieforteljing.

Det var ein kjekk kveld, men eit “skår i gleden” var at Vivian skada foten og måtte

køyrast til legevakt for gipsing.

댓글


bottom of page