top of page
Nyhende frå Sund sogelag

Tur til Fjell festning


Tysdag 12. oktober inviterte Sund sogelag til omvisning på Fjell festning.

Styremedlem i sogelaget og kjentmann på festningen Hans Tveit var omvisar.


Me fekk ei interessant omvisning - og godt innsyn i historia til festningen.

Internasjonal kunstutstilling fekk me med på kjøpet.


Her var mange rom med kvar sin historie - og modell av heile festningsområdet som gav god oversikt. Mange tykte det var særleg interessant med omvisinga i ”Lasarettet”. Der var det mykje medisinsk utstyr frå krigen og jamvel pasientar på sjukestovene.


Turen vart avslutta med kringlesamvær i brakka. Her vart det svara på spørsmål - og litt om senn kom fleire av deltakarane med historiefortellingar knytt til hendingar under krigen. Det var stemningsfullt og interessant. Mellom dei 20 deltakarane var det 4 ungdommar (bra) som sette pris på omvisinga og kringlene.


Dette var eit vellukka arrangement - og mange takk til Hans for tilrettelegging og god omvising.



bottom of page