Nyhende frå Sund sogelag

Arne Asphaug fekk Sund sogelag sin kulturminnepris for 2022




Arne Asphaug fekk overrekt kulturminneprisen under ei tilstelling på Nordsjøfartmuseet i Telavågen måndag 14. november.


Leiar i Sund sogelag Gerhard Inge Storebø overrekte diplomen og Sidsel Frøkedal gav Arne Asphaug blomer. Foto Mette Jacobsen.








Kulturminneprisen er eit heidersteikn for framståande innsats i arbeidet med kulturminne i Sund. Målet er at prisen skal skapa auka forståing og interesse for kulturminna våre.

Arne er lokalhistorikar og forfattar. Han er frå, og bur på Selstø i Telavågen.


Prisvinnaren med diplomen og sogelagsleiaren. Foto Mette Jacobsen.




Arne Asphaug med slekt og vener, m.a. kulturminnepristakaren frå 2020 Malene Golten, nr to frå venstre. Foto Randi Hummelsund.



Arne Asphaug får kulturminneprisen for sitt omfattande arbeid med å dokumentera

lokal historie frå vårt område. Lista over dei bøkene og artiklane han har fått gjeve ut

er lang og femner vidt. Det er mange tilvisingar til Arne Asphaug sine arbeid i

Kultursoga for Sund (2019).


Fiskebåtreiarlaget Krossfjord AS er sponsor for Sund sogelag sin kulturminnepris 2022 Her representert av syskena Marit og Nicolai Hamre med Arne i midten saman med Gerhard Inge og ordførar i Øygarden, Tom Georg Indrevik. Foto Mette Jacobsen.



Arne Asphaug takkar for prisen. Foto Mette Jacobsen.


Seinare var kaffi og kaker, song og musikk og dei frammøtte fekk høve til å koma med helsingar.



Ivar Steinsland minnes frå kommunestyremøte for Sund ein gong på 1980-talet hadde ei sak om å støtta Arne Asphaug sitt arbeid med mellomalder historia økonomisk. Arne fekk støtte og i 1987 gav Arne ut boka «Bygdesoge frå Sund 1320-1660. Tre hundre armods år?». Foto Mette Jacobsen.














Ordførar i Øygarden kommune, Tom George Indrevik heidra Arne Asphaug. Foto Mette Jacobsen.



Linda Ekeland song til akkompagnement frå Kåre Glesnes. Foto Mette Jacobsen.










Vestnytt har fått det med seg at Arne Asphaug vert heidra med kulturminneprisen. Frå fredagsutgåva 11. november 2022.