top of page
Nyhende frå Sund sogelag

BIBLIOTEKSJUBILEUM 2.-7. september 2023

Biblioteket i Sund 200 år




Sund sogelag markerer at biblioteket er 200 år. Bokutlånet starta ved at soknepresten i Sund kyrkje i Klokkarvik lånte ut bøker etter gudstenesta. Presten var altså den første bibliotekaren i 1823. Han hadde vel helst religiøse skrifter til utlån i starten, men etter kvart som boksamlinga vart større, fekk folk meir å velja mellom. I opplysningstida var det viktig at folk kunne lesa og tileigna seg kunnskap. Vandreteater laurdag 2. september, kl 14.00, i og rundt Sund kyrkje med tittel: «Ord til folket!» Sjølvaste Helga Golten og Yvonne Algrøy har regi. Billettsal på www.sundsogelag.no under Arrangement. Billettprisar: vaksne kr 220 og born og unge kr 55.


Jubileumsheftetil sals på skogsvåg bibliotek og innbyggjartorg. Pris kr 100 per hefte. Betaling via vipps nr 705568.


Etter vandreteateret vert det FOLKEFEST på Skuleneset med lokale musikkrefter og frivillige lag i Klokkarvik. Litteraturbåten EPOS ligg til kai med program for dei yngste. Ope for alle.


Tysdag 5. september, kl 18.00, Skogsvåg bibliotek og innbyggjartorg, Sund senter. Konsert med

FLIFLET/HAMRE, med gjesteartist Symphorien Pombe. Opning ved Toftarøy Småkvedarlag. Sal og signering av boka om Johan Fritzner Greve ved Sverre Bungum. Gratis adgang, avgrensa antal plassar. Førehandsting på www.sundsogelag.no, under Arrangement.





ARRANGEMENT TORSDAG ER AVLYST!



Biblioteksjubileet er ein del av Kulturminnedagane 2023. Sjå heile programmet under.


Plakat_jubileum_programmet
.pdf
Last ned PDF • 1.40MB


bottom of page