top of page
Nyhende frå Sund sogelag

ENGASJEMENT PÅ ÅRSMØTET I SUND SOGELAG

Årsmøtet vart arrangert på Aktivitetssenteret i Skogsskiftet 15. februar 2022. Det møtte 18 medlemmer.


Forsamlinga på Sund sogelag sitt årsmøte. Foto: Vivian Steinsland.


Dei vanlege årsmøtesakene gjekk unna med godkjenning av årsmelding og rekneskap - og attval av dei tillitsvalde. Styret hadde framlegg om at innspel frå Sverre Bungum om 200-årsjubileum for bibliotektenesta i Sund skulle drøftast på årsmøtet. Sverre Bungum heldt ei fin innleiing om historia til bibliotektenesta i Sund. I 2023 er det 200 år sidan det først var tilbod om å låna bøker i Sund.


Innleiinga til Sverre fekk god respons. Ikkje berre tanken om ei jubileumsmarkering, men og opplevinga av eit redusert bibliotektilbod i Øygarden kommune skapte engasjement.


Sverre Bungum fortel frå Sund si 199 år lange bibliotekshistorie. Foto: Vivian Steinsland.


Styret vil engasjera seg i høve til jubileumsmarkeringa. Det er og planar om å arrangera eit temamøte om bibliotektenesta hausten 2022.


Kvedarane frå Toftarøyna Julianne Trellevik og Anabelle Steinsland Whitfield. Vivian Steinsland på

gitar. Foto: Mette Jacobsen.


Etter årsmøtesakene, fekk me kulturelt innslag av Tofterøy småkvedarlag. Vivian Steinsland orienterte om arbeidet som vart gjennomført for å ta vare på lokal songtradisjon - og formidling av denne i skulen.


Så var det “kringlesamvær” - med uformell prat rundt borda.

bottom of page