top of page
Nyhende frå Sund sogelag

Historisk vandring Telavåg


Torsdag 1.juni 2023 møttes 16 personar ved brua i Telavåg for å vera med på

historisk vandring i Telavåg. Sund sogelag hadde fått Margrethe Kallestad til å vera

omvisar for vandringa. Det var fin sol, men nordavinden var heller kald. Margrethe

fann plassar i livd på dei stadane me stoppa for å høyra hennar forteljingar.

Margrethe starta med historie knytt til gjenreisinga av Telavåg etter 2. verdskrigen.


På veg over brua fekk me vera sjå tomta for det skulehuset som var i bygda før

krigen.



På Telle fortalde Margrethe om brannen i klyngetunet på garden på midten av

1800-talet. Forteljinga er dokumentert ut frå intervju med person som opplevde

hendinga. Det vart og tid til meiningsutveksling om stadnamnet Telle.







Frå Telle fylgde me ny og gamal veg til bryggja i Kvednhopen. Dette var vegen

mannfolka i Telavåg vart førde då dei vart sende med fartøy vekk frå bygda i 1942.


På vegen opp att frå Kvednhopen stoppa me ved tomta der ungdomshuset stod i

1942. Her vart kvinner og born samla før dei vart sende vekk frå bygda før tyskarane

raserte Telavåg.









Så gjekk turen opp til minnestøtta ved skulehuset - og me fekk informasjon om

minneplata Mariasøsterene fekk sett opp i 1985. Så spaserte me attende til bilane

som var parkerte ved bedehuset.








Me avslutta turen med “kringlesamvær” på Nordsjøfartsmuseet. Her gjekk praten

livleg. Deltakarane frå Telavåg hadde interessante forteljingar om folk og hendingar i

bygda.





Takk til Margrethe for ei svært interessant omvisning - og for at me fekk ha kaffiøkta

inne på museet !


Teksten er skriven av Gerhard Inge Storebø og Mette Jacobsen har teke bileta.

Comentarios


bottom of page