Nyhende frå Sund sogelag

Kopi av Utdeling av Sund sogelag sin kulturminnepris for 2020



Sogelaget oppretta «Sund sogelag sin kulturminnepris» i 2019. Årsmøtet har fastsett eigne føresegner for prisen.


Våren 2020 vart medlemmene i laget bedne om å koma med framlegg til kandidatar til prisen. Det er så styret i sogelaget som tek avgjerd på kven som skal få prisen.


Den pågåande epedemien gjorde sitt til at prisen først vart overrekt på ei tilstelling på Nordsjøfartsmuseet 9.desember 2020. 20 spesielt innbedne var med på tilstellinga.


Prisvinnaren var Malene Golten. Ho har utført eit omfattande arbeid med å dokumentera alle sider ved livet på Golta i dei bøkene ho har gjeve ut. Prisen var eit spesiallaga diplom og ein symbolsk pris på kr 5000,-.


Fleire av dei som tala på tilstellinga, mellom dei ordføraren i Øygarden kommune Tom Georg Indrevik - gav uttrykk for kor imponerte dei var av omfang og detaljeringsgrad i Malene Golten si historieforteljing. Forteljinga er viktig for dokumentasjon av kystkulturen i ikkje så fjern fortid.


Sogelaget si skriftlege grunngjeving for tildeling av kulturminneprisen til Malene Golten er eit vedlegg til denne artikkelen.


Til Malene Golten (1)
.docx
Download DOCX • 7KB

Bilete frå utdelinga