top of page
Nyhende frå Sund sogelag

KVINNEDAGEN 8.MARS 2023

Sund sogelag medverka på Folkeakademiet Vest sitt arrangement på Fryd på

Straume 8. mars.



Foto, dersom anna ikkje er oppgitt, Vivian Steinsland.


Hovudinnslaget var forskaren Marie Nicolaysen sitt foredrag om “Trolldom og

hekseprosessane”. Det var interessant å få vita fakta om desse prosessane - og kva

som var utvikla som folketru om troll og hekser.









Linda Ekeland stod for musikalske innslag med vakker song. Kåre Glesnes og

Simon Kalgraff spela gitar og trekkspel.








Frå Sund sogelag var Nils-Arne Ekerhovd og Gerhard Inge Storebø med.

Gerhard Inge hadde med ei forteljing om 3 kvinner i same slekt frå gardane Gavlen

og Søre Ekerhovd som kom til Tofterøy og vart gifte der (i 1889, 1896 og 1924).

Forteljinga handla mest om kva innsats som vart krevd av desse kvinnene i

kvardagen.




Nils-Arne fortalde om dei første politikvinnene i landet. Ingeborg Kristine Midttveit

(f.1880 - d.1961) frå Telavåg var den første kvinnelege politibetjenten i Stavanger.

Ho hadde vore elev ved Jæren folkehøgskule som morbroren Søren Øvretveit hadde

grunnlagd. Seinare var ho elev ved Stord lærarskule. Etter 12 år som politibetjent i

Stavanger sa ho opp stillinga si, då budsjettposten som dekka løna hennar vart

stroken av kommunen. Ho fekk svært gode skussmål for innsatsen sin i politiet.


Kristine Midttveit (til høgre) og Kelly Guldbrandsen.









I stova til Hermine Nipen. Frå venstre Synnøve Diset, Anton og Hermine Nipen, Kristine Midttveit og Karsten Midttveit.

Bilda med Kristine Midttveit er i Anna M. Bakke si eige. Bilda er samla inn av Karsten Øvretveit. Kjelde: Sverre Sangolt.






Folkeakademiet Vest hadde kjøpt inn bilete laga av Marlen Kleppevik som dei som

medverka på arrangementet fekk. Styret i Sogelaget må ta ei drøfting på kor biletet

me fekk - “Kystkvinna ska me heidra” skal hengjast opp.


Foto Gerhard Inge Storebø.












bottom of page