SUND SOGELAG SITT ÅRSMØTE 19.02.2026KULTURMINNEPLAN FOR SUND 2017-2027
- for 5 døgn siden
- 4 min lesing
Innleiing
Av og til gjer eg forsøk på å rydda i gamle papir. Før jul fann eg kulturminneplanen for Sund i tølene mine. Den såg imponerande ut. Planen vart utarbeidd etter fleire allmøte, der innbyggjarane fekk fortelja kva dei meinte var viktige verdiar i sine nærmiljø. Desse møta gjorde at det vart ein god og gjennomarbeidd plan.
Kulturminneplanen i Sund er krydra med mange bilete i tillegg til kart med avmerka kulturminne og kart over omsynssoner. Den omfattar kunnskaps-verdiar, opplevingsverdiar og bruksverdiar, og baserer seg mykje på Riksantikvaren sitt verdiskapingsprogram på kulturminneområdet som vi var ein del av. Vi kalla vårt prosjekt for «Perler i Nordsjøløypa» og omfatta alle tre kommunane som no er Øygarden kommune. Vi håper og trur at Øygarden kommune tar omsyn til all kartlegginga og dei nasjonale registra over kulturminne, miljø og viktige friluftslivsområde som er gjort.
Denne kulturminneplanen vart laga før vi vi visste at vi kom til å enda opp med ei samanslåing med Fjell og Øygarden kommune.
Sund kommune ville verna om kulturminne og kulturmiljø med deira eigenart og variasjon, både som del av vår kulturarv og identitet, og som ledd i ei heilskapleg miljø- og ressursforvaltning.
Denne planen hadde som mål å
· Ta vare på kulturminne, kulturmiljø og landskap som viktige fellesgode for Sund
· Styrka kunnskapen om kulturminne og kulturarv
· Bruka kulturarven som ressurs for verdiskaping og god samfunnsutvikling
· Laga oversikter som hjelper kommunen til å gjera rette val og prioriteringar i forvaltninga av kulturarven
Det vart òg utarbeidd ein handlingsplan, der mange viktige tiltak heldigvis er gjennomførte. Men eitt tiltak som vi ikkje rakk å gjera noko med, var å laga eit hefte med kulturminneturar i Sund. Det skulle vera eit samarbeid mellom kommunen, turlaget og sogelaget.
Men det er jo ikkje for seint! Sjølv om Sund kommune og Sund turlag er historie, lever Sund sogelag i beste velgåande. Styret har gitt grønt lys for å setja ned ei prosjektgruppe som har fått ganske frie tøylar.
Som prosjektleiar har eg fått med meg Anne-Grethe Sangolt Hagenes og Hallgeir Atle Dale, ei lita eksklusiv gruppe med god og relevant fagbreidde. Anne-Grethe er frå Sund og har arbeidd på arealeininga i mange år, men bur no nord for Sundsokna. Hallgeir har hatt sitt virke i Sund i enda fleire år, men bur på Dala. Han sikrar forankringa i styret til sogelaget.
Vi fann tidleg ut at vi ville laga ei fin bok i staden for berre eit hefte. Boka skal inspirera folk til ta turane sjølve etter å lese om dei heime først. Vi håper boka kan engasjera familiar og andre grupper til å koma seg ut på tur. Boka skal innehalda bilete, tekstar og kart med stiar og stadnamn. Vi ser på turar frå prosjektet «Perler i Nordsjøløypa» og andre verdifulle turstiar som har kunnskaps- og opplevingsverdi.
Prosjektgruppa prøver å velja turar med ulike typar kulturminne og i ulike delar av Sundsokna. Vi satsar på å plukka ut 12 turar. Det er vanskeleg å prioritera, så dei tolv er enno ikkje heilt bestemt. Prosjektgruppa er i startfasen i arbeidet, så det er ikkje så mykje å fortelja enno. Men vi har laga ein førebels prosjektplan og har gjennomført den første kulturminneturen.
Sogelaget inviterer alle kulturminneinteresserte til å vera med på desse turane, for det er viktig å få innspel både på korleis turen vert opplevd og meir kunnskap om kulturminne og lokale namn langs løypa.
Det vert mykje for- og etterarbeid av desse turane, så det vil gå 2 år før boka er ferdig. Vi har nett fått kontakt med formgjevar og trykkeri og har starta arbeidet med å søkja økonomiske tilskot for å finansiera prosjektet.
Kulturminneturane
Første turen vart gjennomført 1. februar. Den gjekk til Skaganeset med Kari-Anne Landro som lokal formidlar. Det er sett opp 4 informasjonstavler der, to er om eldre og yngre steinalder, ei om fiskarbonden og ei om kvalfangsten. Den siste tavla står på Stekholmen. Brua over er dessverre øydelagt, så vi fekk ikkje sett verken tavla eller kvalbua der ute.
Sund kommune fekk laga ein skjøtselsplan som grunnlag for avtale med grunneigaren. Etter turen 1.februar har styreleiar i sogelaget etterspurd oppfølginga av skjøtselsplanen, som no er Øygarden kommune sitt ansvar. Det gjeld både reparasjon av brukonstruksjonen og rotvelte på stien.
Mange lokale namn og ulike måtar å seia dei på, kom opp i samtalane undervegs på turen. For meg og andre som ikkje er ein del av lokalmiljøet er dette interessant å høyra på, for namna fortel noko om naturformasjonane eller har ein historisk bakgrunn. Vi høyrde òg nokre forteljingar som kanskje ikkje er heilt veriserbare, men det kan ha skjedd!
8.mars går tur nr 2 til Selstøbuene og Selstøkverna. Oppmøte på parkeringa ved idrettsplassen i Telavåg. Arthur Selstø har sagt seg villig til å vera turleiar og lokal formidlar på denne turen. Han var særs aktiv i «Nordsjøløypegruppa Ut mot havet» i si tid, var med å merka stiar og har mykje lokalkunnskap om kulturminna og stadnamn i området.
Tur nr 3 går til Storevarden via Kleppaksla for mellom anna å studera den flotte steingarden og historia bak den.
Vi har ein ambisjon om å gjennomføra 4 turar 1. halvår og like mange 2. halvår i 2026 og 4 turar i 2027. Dei går på søndagar med starttidspunkt kl 11. Annonsering skjer «På plakaten» i Vestnytt tysdag før aktuell tur. Det vert òg invitert til tur på kalenderen til Øygarden innbyggartorg og bibliotek. Og sogelaget sine medlemer får e-post om turane. Det er berre å følgja med!
Avslutning
Vi har eit håp om at prosjektet bidrar til å ta vare på kulturminna, gje kunnskap og at frivillige eldsjeler held fram med å vedlikehalda stiane. Friluftsliv og sosiale fellesskap er godt for fysisk og mental helse. Å vera i lag med andre om felles interesser gir håp og styrke i kvardagslivet., noko som er viktig i eit folkehelseperspektiv og er nyttig i beredskapssamanheng.
Laila Klemetsaune



Kommentarer