top of page
Nyhende frå Sund sogelag

Tofterøy bru - 50 år

                     

ree

Tøftabrua i 2025

 

Sogelaget var medarrangør då ein lokal komite inviterte til markering av 50årsjubileum for Tøftabrua 27.09.25. Me nytta sogelaget sitt billettsystem - og sogelaget hadde avtale med trykkeriet om arbeid med og trykking av jubileumsheftet.

 

På føremiddagen var det Familiearrangement med natursti og leikar på skuleplassen på Tofterøy. Det var god deltaking - 60 som gjekk  naturstiløypa. Ungane fekk premiar - og alle kunne få varme pølser med brød.

 

                     

ree

                      Det var god deltaking ved starten av naturstivandringa på skuleplassen.

 

Det offisielle programmet var i gymsalen på skulen - som etter rehabiliteringa framstår som ein fin forsamlingssal.


Her var det fullt hus - over 100 deltakarar. På programmet var det song og musikk, tale ved Ordføraren, film frå “Gamle dagar”- m.a. frå bruopninga og film frå nyare tid.

 

                    

ree

                        7 av dei som arbeidde på brua i 1975 var med på jubileet.

                     

  Arbeidarar som var med på brubygginga for 50 år sidan vart intervjua. 

                      

Tofterøy Mannskor framførte sitt glansnummer.


ree

                                         Tofterøy mannskor hadde ei av sine svært sjeldne framføringar.  

 

Det var sjølvsagt ein gjennomgang av historia til brua - som første gang vart oppført i Sund kommunestyre sin vegplan alt i 1938. Så tidleg var det smått med vegbygging i Sund.Vegen Steinsland - Eide vart ferdigstilt i 1956. Heile vegen Sund - Berge - Vorland - Fjell grense vart ferdigstilt i 1957 - og vegen Sund - Skogsvåg var ferdig i 1964.

                     

Dei som hadde gjort seg fortente gjennom deltaking i programmet fekk overrekt jubileumsheftet “Tøftabrua - 50 år” som ikkje vart vist fram før denne dagen. Mellom dei som fekk heftet var Ordføraren, brubyggjarane og ein herverande stortingsrepresentant som fekk vist fram talentet sitt som filmskapar.

                              

                 

ree

     

                       Sund på søre Sotra vart framførd som allsong.

                      

ree

                       Det var dekka til 120 gjestar på Bedehuset.

 Serveringa var lagt til bedehuset. Her vart det servert svært god fiskesuppe. Til kaffien var det marsipankake med bilete av brua på. Det var bestilt rikeleg med kake - så ei heil marsipankake vart gjeven til Sundheimen dagen derpå.


ree

                                           Det vart bru-kake på Sundheimen og.

 

Om kvelden var det bygdakveld i Bygnaden på Trellevik. Her var det BruQuiz og levande musikk med spelemannen Ole Morten Mikkelsen. Her vart det seld omlag 80 billettar.


Komiteen fekk mange gode tilbakemeldingar - og er nøgd med arrangementet. Jubileumsheftet vart og godt motteke.

 
 
 

Kommentarer


bottom of page