top of page
Nyhende frå Sund sogelag

TUR TIL FADRABORDET

Sundag 4. september 2022 inviterte Sund sogelag og Folkeakademiet til tur til Fadrabordet. Det var solskin og godt ver. 15 deltakarar var med på turen.


Fadrabordet. Foto Vivian Steinsland.


Turen starta ved Hamravatnet - og fylgde den nyrydda løypa oppover mot Fadrabordet. Harald Nordstrand var turleiar. Han fortalde undervegs om dei gamle ferdselsvegane frå Steinsland, Hamre og Bakka som vart nytta når folk frå vestsida (også Tofterøy og Vardøy) skulle til kyrkja på “Sonde” (seinare: Klokkarvik). Han formidla mykje kunnskap på ein lettfatteleg måte.


Harald Nordstrand viste veg og fortalde om kyrkjeferd i gamal tid. Her sit han på Fadrabordet. Foto Nils-Arne Ekerhovd.


Då me kom like sør for Grindamyra (ikkje Grønamyra som det står på eit skilt) stemde Vivian Steinsland i med 2 tradisjonelle kulokkar. Her var det tydeleg atterljom frå fjellsida på austsida av myra - slik at kulokken vart ekstra stemningsfull.


Oppe ved Fadrabordet fortalde Harald Nordstrand om “restaureringa” av bordet - og deklamerte eitt vers frå Reidar Steinsland sitt dikt “Fadrabordet”. Anita Espeseth las etterpå heile dette diktet.


Bronsetavla med teksten til Reidar Steinsland sitt dikt "Fadrabordet". Foto Nils-Arne Ekerhovd.


Ikkje uventa hadde sogelaget med seg kaffi og kringle. Saft hadde me og med. Det vart eit fint kringlesamvær rundt Fadrabordet.


Så var det tid for religiøse folketonar. Vivian Steinsland fortalde personleg om dei songane ho framførde. Det vart ei stemningsfull stund for turfylgjet på denne “historiske” kvileplassen under Veten.


Vivian Steinsland syng religiøse folketonar ved Fadrabordet. Foto Nils-Arne Ekerhovd.


På heimturen i finaveret gjekk praten livleg. Alle tyktest vera nøgde med turen

bottom of page